Velkomen til

Stranda IL

Bli medlem

Handball

Kontaktpersonar i Stranda IL handball er: 

Leiar: Ragnhild Opheim Gjerde

Nestleiar: Trond Otto Berg

Økonomiansvarleg: Anita Nordsletten Engeset

Sekretær: Anette M. Kjølås

Styremedlem: Hedda Breien

Styremedlem: Iris Marie Årdal Øverland

Alpint

Stranda Alpin ønskjer at Strandafjellet skal være ein stad der alle kan lære å køyre på ski og utvikle skiferdigheiter.

Klubben tilbyr eit av landets beste treningsfasilitetar med solide trenerar og mange frivillige hjelpare. Klubbens sportslege opplegg er bygd på å tilby treningsgrupper for alle alderstrinn og nivå. Vi vil legge vekt på å utvikle skiferdigheiter gjennom variert trening, godt miljø og ha det kjekt på ski. Treninga vil innehalde frikøyring med mange øvelsar og oppgaver, ein del løypekjøring og skicross mm.

Klubben har cirka 100 medlemmar og det er gratis å være med. Løperane må være medlem av Stranda Idrottslag.

Det er eit overordnet mål for Stranda Alpin å oppretthalde denne aktiviteten.

Medlemmane i alpint nytta også ei eiga facebook-side til intern informasjon. Alle som vil kan bli medlem av denne sida. Facebook-sida er: Stranda Alpin (lukka gruppe)

Styret

Jørund Hagen Styreleiar

Joakim Relling Foreldrekontakt

Kristian Mork Styremedlem

Renate S. Kaldhussæter Styremedlem

Geir Olav Waagsbø Materialforvalter

Kjetil Dalen Styremedlem

Jane Solheimsnes Styremedlem

Kontaktinformasjon

Jørund Hagen tlf. 992 38 168 eller e-post jh@vitalseafood.no

Joakim Relling tlf. 975 71421 eller e-post joakim@stranda-anleggsservice.no

Basketball

Stranda IL basket blei oppretta som ein eigen del av idrottslaget i 2021. I front for satsinga har det vore ein rekkje personar frå blant anna Litauen. Til sesongen 2022 tok laget steget vidare og blei ein del av seriespelet i Midt-Norge og har så langt gjort det veldig bra! 

Har du lyst å bli med å spele basket? Ta kontakt med ein av dei som er medlem i styret!

Styret:

Leiar: Povilas Stockus

Nestleiar: Marius Haugland Martinsen

Medlemmer: Zidrunas Kavaliauskas og Andrius Juozalenas

Klatring

Stranda klatreklubb vart stifta i 2022 av ein gjeng entusiastiske klatrarar med forskjellig erfaring og interessenivå. Medlemmar klatrar både inne og ute og tar føre seg alt ifrå buldring til isklatring. Klubben har og jobba med å etablere sportsklatring og buldring i området rundt Stranda. 

Stranda klatreklubb har heilt sidan starten hatt eit ønskje om å få til eit innandørs buldresenter på Stranda. Hausten 2023 kunne dei endeleg åpne dørene til eit fantastisk anlegg midt i Stranda sentrum. Så ta turen innom Stranda buldresenter på facebook for meir informasjon. 

 Alle frå nybegynnarar til erfarne fjellklatrarar er velkomen til å delta på både formelle og uformelle samlingar og turar som klubben arrangerer. Ta kontakt med Stranda klatreklubb på facebook, eller gi eit vink til følgjande personar om de er interessert: 

Leiar: Kristoffer Fauske Helgås - 99368123 

Nestleiar: Ingvild Hegge Eriksen - 90810561 

Medlem: Kay Van Amerongen - 47247062 

Medlem: Hans Marius Ringdal - 40093676 

Medlem: Vegar Emdal - 91580368  

Bordtennis

Stranda IL  - bordtennis starta våren -22 og møtast ukentleg for å trene bordtennis og ha det gøy samam i Vestborghallen. Vi har seks bord, baller og racketer til utlån.

Vi arrangerer trening for gutar og jenter frå 4. trinn. Vaksne er også velkomne til å spele ein gong i veka.


Er du interessert i å vere med?

Kontaktinformasjon

Jakob Skog på tlf. 969 00 665 eller e-post jakob.skog@hotmail.com.

Sjekk også vår facebookside, her finn du mer informasjon, søk etter "Stranda Bordtennis".

Langrenn

Stranda Langrenn ønskar at langrenn skal vere ein sosial arena på tvers av aldersgrupper og etnisitet - eit inkluderande miljø der alle er velkomne og får oppleve skiglede og meistring.

 

Vinteren 2025 vert det aktivitet kvar måndag, annakvar med skileik og Telenorkarusell,

 

Oppmøte ved langrennshytta kl.17.30 – 19.00.

 

Langrennshytta vil vere open slik at små og store kan gå inn å varme seg etter aktivitetane.

 

For meir informasjon kan ein sjekke ut facebook-gruppa vår ved å trykke her.

 

Kontaktinformasjon

 

Martin André Kristoffersen 992 91 625

 

Martin Espelund 988 21 998

 

Maria Tryggestad 980 71 086

 

Jan Erik Westerås 907 60 268

 

 

 

 

Friidrett

Tekst om friidrett

Gymleik

Gymleik er eit alternativ for born mellom to og seks år. Ein dag i veka får ein moglegheit til å delta på foreldrestyrt aktivitet i ein time i gymsalen, på Ringstad skule. Ungane vert delt inn i grupper etter fødselsår. Eit fantastisk tilbod, som vi håper mange vil vere med på.

 

Deltakerkrav er medlemsskap i idrottslaget.

 

Vil du vere med?

 

Kontaktinformasjon

Espen Hove på tlf. 412 55 129 

Nyheiter

Basketballkamp i Strandahallen

søndag 17. november kl. 14:45

Kom og hei fram Stranda Wolves!

Visste du at du kan støtte Stranda idrottslag gjennom Norsk TIpping sin grasrotandel?

Trykk her for å setje Stranda Idrottslag som din grasrotmottakar

Les meir om grasrotandelen her

Grasrotandelen vart lansert 1. mars 2009. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogeleg for spelarar hjå Norsk Tipping å tildele eit beløp som tilsvarar 7-14 prosent av spelinnsatsen direkte til eit lag eller ei forening.

Påmelding til bordtennisturnering

Bordtennis inviterar til bordtennisturnering - klikk her for påmelding
Påmeldingsfrist 28. september!

Informasjon

Trykk her for medlemskap

Medlemskap opprettast og avsluttast via Hoopit. Bruk lenka over.

Politiattest

Alle med ei rolle som tillitsvalgt i Stranda IL, det gjeld lagleiarar, trenarar, instruktørar og alle andre som er i kontakt med barn og unge skal ha godkjent politiattest.

Les meir ...

Rutiner for politiattest i Stranda IL

  • Leiar i kvar undergruppe har det overordna ansvaret for at lagleiarar, trenarar og andre tillitsvalde har politiattest. Undergruppene kan ha eigne ressursar til dette arbeidet, sjekk med di gruppe.
  • Før ein søkjer om politiattest må ein fylle ut skjemaet «Stadfesting av føremål»,  skjema finn du ved å trykke her.  
  • Er du under 18 år må du fylle ut og legge ved eit ekstra skjema med signatur av føresette/verge. Skjema kan lastast på politiet sine sider ved å trykke her
  • Fyll ut gjenståande punkt i skjema ved å skrive ut, eller digitalt. Lagre, eller ta bildet av skjema, for å kunne laste det opp seinare i søknadsprosessen.
  • Søknad om politiattest finn du på www.politiet.no/tjenester/politiattest/politiattest-sok-pa-nett/
  • Du søkjer elektronisk ved å logge inn med BankID.
  • I feltet for kategori og føremål velje du «Friviljuge organisasjonar».
  • Skjema «Stadfesting av føremål» som du fylte ut i stad må lastast opp frå telefon, eller PC, som vedlegg til søknad.
  • Send søknad med vedlegg ved å trykke «send inn».
  • Når politiattesten er motteken skal du vise denne til attestansvarleg ved Stranda IL, Joakim Nykrem. Tlf /e-post 40610910 / joakimnykrem@gmail.com 

Politiattestar vert ikkje lagra av Stranda IL. Kopiar, fysisk og/eller digitalt, vert sletta/makulert omgåande.

Rettleiing til utfylling av skjema «Stadfesting av føremål»

  • Punkt 1. Fullt namn
  • Punkt 2. Fødselsnummer
  • Punkt 3. Skriv inn di rolle i klubben, til dømes trenar, lagleiar osv. T.d kan det stå slik Trenar i Stranda Fotball, underlagt Stranda Idrottslag.
  • Punkt 5. Skriv inn månad og år
  • Punkt 6. Velg fast stilling/oppdrag/verv
  • Punkt 12. Fyll ut stad og dagens dato 

Forsikring

Her finn du informasjon om forsikringsordningar og korleis melde skade.

Les meir ...

Barneidrettsforsikring

Alle born som er medlem av ein klubb tilslutta Norges idrettsforbund (NIF), eller som deltek i organisert aktivitet i klubbens regi, er forsikra gjennom Gjensidige barneidrettsforsikring. Forsikringen omfattar born til den dato dei fyller 13 år. Forsikringspremien betalast av NIF.

Dette innebær at alle barn til og med 12 år, som deltek i idrettsaktivitet i regi av SSK, er forsikra. I tillegg gjeld forsikringa for trenerar, leiarar og oppnevnte dommere som bistår ved organisert aktivitet for born under 13 år.

Meld skade

Dersom ein skade oppstår under ein aktivitet i regi av Stranda IL skal skaden meldast elektronisk på nettstaden til idrettshelse ved å trykke her.

All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast av Idrettens Skadetelefon, utan dette bortfell retten til erstatning.

Tlf.nr til Idrettens Skadetelefon: 02033

Klubbforsikring

Alle utøverar over 12 år er dekt av Stranda IL`s eigen klubbforsikring. Det forutsett at medlemskap og deltageravgift er betalt. Utøvarar som er aktiv i håndball og basketball betalar eigen lisens til det respektive forbundet for å være dekket av forsikring ved oppstått skade under kamp.

Rusfritt miljø

Alle Stranda IL sine aktivitetar og arrangement for born og ungdom (6-19 år) skal vere rusmiddelfrie. Med rusmiddel meiner vi her alkohol, tobakk (røyk/snus) narkotika og doping.

Trygg transport

Stranda IL  har ansvar for at all transport skjer på ein trafikksikker måte. Det er difor viktig at alle laga følgjer reglane for trygg transport.   

Les meir ...

Stranda IL sine reglar for trygg transport til arrangement:

  • All transport til og frå arrangement skal planleggast med god tidsmargin.
  • Fartsgrensene SKAL alltid haldast.
  • Sjåføren har ansvar for at alle brukar bilbelte heile tida.
  • Ein skal kun nytte køyrety som er i forskriftsmessig og forsvarleg stand.
  • Bagasje skal leggast i bagasjerom, og alle lause gjenstandar må vere sikra.
  • Ein skal nytte erfarne sjåførar. Lærekøyring skal ikkje førekome.
  • Talet på passasjerar må ikkje overstige talet køyretyet er godkjend for.
  • Sikring av barn (tryggtrafikk.no)
  • Barn under 135 cm skal bruke godkjent barnesikringsutstyr
  • Barn mellom 135- 150 cm og under 36kg skal bruke godkjent barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr finns i bilen.

Om oss

 

Stranda idrottslag er lokalisert i Stranda Kommune i Møre og Romsdal. Idrottslaget vart stifta 15. august 1914.

Idrottslaget har fleire aktive grupper som fotball, handball, alpint, langrenn og gymleik.  Dei siste åra har også klatring, bordtennis og friidrett blitt ein eigen del av laget. 

SIL Vedtekter

Les mer ...

LOVNORM FOR IDRETTSLAG

Vedteken av Idrettsstyret 16. november 2021.

LOV FOR STRANDA IDROTTSLAG

Stifta 15.08.1914

Sist endra 20.11.1995.

§ 1 Formål

Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

§ 2 Organisasjon

(1) Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer.

(2) Idrettslaget er medlem av Norges Skiforbund, Norges Fotballforbund, Norges Friidrettsforbund, Norges Håndballforbund. For reglar om plikta idrettslaget har til å vere medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4).

(3) Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Møre og Romdal Idrettskrets og er tilslutta Stranda Idrettsråd.

(4) For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3.

(5) For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3.

§ 3 Medlemmer

(1) For reglar om opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6.

(2) For plikta idrettslaget har til å registrere opplysningar i medlems- og organisasjonsregisteret til idretten gjeld NIFs lov § 10-5 og forskrift om medlems- og organisasjonsregisteret til idretten med utfyllande reglar.

§ 4 Kjønnsfordeling

For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i

overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4.

§ 5 Generelle reglar om stemmerett, kvalifisering til val, forslagsrett m.m.

For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5, 2-6 og 2-7.

§ 6 Inhabilitet

For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8.

§ 7 Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll

For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9.

§ 8 Refusjon av utgifter og godtgjering

For reglar om refusjon av utgifter og godtgjering gjeld NIFs lov § 2-10.

§ 9 Regnskap og revisjon m.m.

For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov §§ 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14.

§ 10 Årsmøtet

(1) Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan utgangen av mars månad.

(2) Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20.

(3) Oppgåvene til årsmøtet:

1. godkjenne dei som har stemmerett

2. velje dirigent(ar)

3. velje protokollførar(ar)

4. velje to medlemmer til å skrive under protokollen

5. godkjenne forretningsordenen

6. godkjenne innkallinga

7. godkjenne saklista

8. behandle årsmeldinga frå idrettslaget

9. behandle

a. rekneskapen til idrettslaget

b. den økonomiske meldinga frå styret

c. meldinga frå kontrollutvalet

d. eventuell melding frå engasjert revisor

10. behandle saker som kjem fram av godkjend sakliste

11. fastsetje

a. medlemskontingent på minst kr 50

b. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter

12. vedta budsjettet til idrettslaget

13. behandle organisasjonsplanen til idrettslaget

14. Velje

a. styre med leiar, nestleiar, 3 styremedlemar og 2 varamedlemar

b. kontrollutval med 2 medlemar og 1 varamedlem

c. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane

d. valkomité med leiar, 3 medlemar og 1 varamedlem

e. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

15. avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget

Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.

(4) For reglar om innkalling og gjennomføring av ekstraordinært årsmøte gjeld NIFs lov

§ 2-19.

§ 11 Styret i idrettslaget

(1) Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

(2) Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

(3) Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for

- at formålet med idrettslaget blir oppfylt

- at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert

- at avgjerder fattast i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtaket

- at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2)

- at det blir utnemnt ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming

- at det blir utnemnt ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer barneidrett

(4) Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei.

(5) Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.

(6) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det.

§ 12 Kontrollutval, valkomité

(1) For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12.

(2) For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18.

§ 13 Grupper

(1) Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege behandlinga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 10 (3) pkt. 13. Innmelding og utmelding av særforbund krev lovendring, jf. § 2 (2).

(2) Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande:

a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.

c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna.

d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet.

(3) Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret.

§ 14 Lovendring

For reglar om lovendring gjeld NIFs lov § 2-2.

§ 15 Oppløysing, utmelding osb.

(1) Idrettslaget kan vedta oppløysing

a. ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller

b. ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader seinare.

Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget behandlar forslag om oppløysing.

(2) Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

(3) For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.

(4) Ved utmelding eller tap av medlemskap skal eigedelane til idrettslaget som er opparbeidde som ei direkte følgje av medlemskapen til idrettslaget i NIF, gå til eit formål som er godkjent av Idrettsstyret. Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål som er godkjent av idrettskrinsen. 

AU - Stranda IL

Ida Beate Villa

Økonomiansvarlig

920 56 121
post@strandail.no

Pål Ringstad

Leiar

post@strandail.no

Joakim Nykrem

Styremedlem

406 10 910
post@strandail.no

Knut Einar Langlo

Styremedlem

415 68 725
post@strandail.no

Martin Espelund

Styremedlem

988 21 998
post@strandail.no

Kontakt oss

hCaptcha

Dette er en HTML-modul som trengs for å vise popup-vinduer når du klikker "Les mer". Vær så snill og slett den ikke. Det er ikke synlig på den offentlige siden.