Stranda Idrottslag


Medlemskap i SIL: Alle aktive, trenarar og oppmenn skal være medlemmer i Stranda IL. Stranda IL nyttar Norges Idrettsforbund si løysing for idrettslag/klubbar.
Medlemmane skal bruke Min Idrett for å betale medlemskontingent/treningsavgifter. Under «Medlemskap» finn du meir informasjon om: Innmelding/utmelding, Betaling av kontingent og Min Idrett, Medlemskort. Når du har betalt kontingent, kan du skrive ut medlemskort på din profil på Min Idrett


Jubileumsboka til Stranda IL:
«Topp og breidde gjennom 100 år».

Stranda Idrottslag si historie gjennom hundre år. Boka kan kjøpast hos Stranda Bok og Kontorservice eller bestillast på e-post:
le-aka@online.no. Pris kr 350,-




Laget sin støttespelar i mange år
NIF

Stranda Idrottslag

Postboks 234
6201 Stranda

Leiar: Leif Karlsen


RETTLEIING OM MIN IDRETT

Stranda IL har teke i bruk idretten si løysing for medlemsadministrasjon – KlubbAdmin.

KlubbAdmin krev at alle medlemmer skal bruke Min idrett, som er ei nettløysing oppretta av Norges Idrettsforbund

Gjennom Min idrett kan du som medlem: 

– administrere alle medlemskap i norsk idrett (innmeldingar og utmeldingar)

– betale kontigent/treningsavgifter

– sjå all informasjon som er registrert om deg

– kunne oppdatere registrert informasjon

– opprette familiegrupper

– skrive ut medlemskort


Passord/ brukarnamn:
Du får automatisk tilsendt brukarnamn og passord når e-postadressa vert lagra i medlemsregisteret.
Dersom du har gløymt brukarnamn/passord, kan du få tilsendt dette ved å gå til påloggings-sida i Min idrett.
Dersom di e-postadresse er registrert,  vil du få tilsendt brukarnamn og passord som er registrert på denne adressa.

Har du ikkje tilgang til e-post, og du ønskjer å endre den registrerte adressa, sender du ein e-post til support@idrettsforbundet.no.


Utsending av kontingentar/treningsavgifter:
Kvar gong det vert oppretta eit betalingskrav (kontingent m.m.), vil det bli varsla pr. e-post for å gjere medlemmene merksame på kravet som ligg på medlemmen si side i Min idrett.

Dersom fakturamottakar er under 18 år og er knytt til føresette, vil både medlemmen og føresette
ta mot varsel om betalingskrav som er lagt i Min idrett.

Alle medlemmer som er registrert i ei familiegruppe, vil få same varsel om betalingskrav i Min idrett
(dersom alle har registrert e-postadresse og evt. mobilnummer).

Når ein person betaler familiekontingenten, vil alle medlemmer som er registrert i familiegruppa få sin klubbkontingent registrert som betalt.

Idrettslaget har høve til å skrive ut og sende ut faktura pr. post. Det er også høve til å krevje inn treningsavgift før medlemskontingenten er betalt. Dette vil ein berre gjere i spesielle tilfelle.


Betaling av kontingentar/treningsavgifter:
Betaling av kontingentar, treningsavgifter vil bli gjennomført i Idretten si løysing for Online betaling.
Løysinga er laga slik at medlemskontingenten til hovudlaget må vere betalt før eller samstundes med at treningsavgifter vert betalt.

Før ein betaler første gongen, må medlemmene (eller føresette) registrere seg for å bli betalarar i
Online betaling (dette er ein eingongsjobb).

Informasjon om Online betaling med instruksjonar for registrering og korleis du skal betale,
finn du på denne sida (klikk på link).
Sjå video på denne sida


Problem:

Dersom du får problem kan du få hjelp her:

Informasjon om Min idrett.               

Tekniske spørsmål:

– Ring Idrettens support på telefon 03615 (kl. 08.00-20.00) eller e-post: support@idrettsforbundet.no

Ta kontakt med Stranda IL:

– om du har fått eit feilaktig betalingskrav.

– om du meiner at du allereie er utmeld som medlem.

– om du har andre spørsmål vedkomande medlemskapet.


Kontaktpersonar i Stranda Idrettslag:

Ståle Thunem             915 21 089

Atle Løvold                907 40 636

Sportsleg ansvarlege i gruppene (om treningsavgifter)


E-post:
medlem@strandail.no