Stranda Idrottslag


Medlemskap i SIL: Alle aktive, trenarar og oppmenn skal være medlemmer i Stranda IL. Stranda IL nyttar Norges Idrettsforbund si løysing for idrettslag/klubbar.
Medlemmane skal bruke Min Idrett for å betale medlemskontingent/treningsavgifter. Under «Medlemskap» finn du meir informasjon om: Innmelding/utmelding, Betaling av kontingent og Min Idrett, Medlemskort. Når du har betalt kontingent, kan du skrive ut medlemskort på din profil på Min Idrett


Jubileumsboka til Stranda IL:
«Topp og breidde gjennom 100 år».

Stranda Idrottslag si historie gjennom hundre år. Boka kan kjøpast hos Stranda Bok og Kontorservice eller bestillast på e-post:
le-aka@online.no. Pris kr 350,-




Laget sin støttespelar i mange år
NIF

Stranda Idrottslag

Postboks 234
6201 Stranda

Leiar: Leif Karlsen



MEDLEMSKAP

Alle born og vaksne som deltek i laget sine aktivitetar, skal vere medlemmer i Stranda Idrottslag og betale kontingent til hovudlaget. Alle tillitsvalde , oppmenn, trenarar m.m. i undergruppene, skal også vere medlemmer.

Innmelding i Stranda IL :
Innmelding i Stranda IL kan gjerast på 2 måtar:

• ONLINE – gå til MEDLEMSKAP - Innmelding - Min idrett (sjå meny)

– På Min idrett kan alle melde seg inn som medlemmer i laget eller endre på medlemskap

(Førebels må alle som vil melde seg inn i laget, bruke innmeldingsskjema – sjå under)

• INNMELDINGSSKJEMA – bruk innmeldingsskjema på heimesida eller last ned PDF-fil:

Enkeltmedlem (barn, vaksen, honnør)

Familiegruppe (alle medlemmer i ein familie)



Fil:MinIdrettLiten.jpg


Frå 1. april 2014 ønskjer ein at alle nye/gamle medlemmer skal nytte Min idrett for å registrere seg som medlemmer eller endre på opplysningar i medlemskapet.
I Min idrett vil ein også ha høve til å melde seg ut.


Familiegruppe:
Stranda IL har i mange år hatt ein rimeleg medlemskontingent for familiegruppe (familiekontingent):
Å vere registrert som medlemmer i familiegruppe er frivillig. Kontingenten for ei familiegruppe kostar det same som medlemskap for 2 born under 16 år. Det er og verdt å nemne at alle born kan vere familiemedlemmer til og med det året dei fyller 20 år.

Enkeltmedlemskap:
Dersom du ikkje ønskjer å vere knytt til ei familiegruppe, har vi desse medlemskategoriane.

• Born (under 16 år)

• Vaksne (over 16 år)

• Honnør (over 60 år)

Kontingentar/ treningsavgifter:
Alle som er registrerte med e-post/ mobiltelefonnummer, vil få tilsendt krav om betaling på sms eller e-post. Medlemmane må registrere seg på Min Idrett. Der kan ein betale kontingentar/treningsavgifter online.
Les meir om dette her

Spørsmål om medlemskap:
Send e-post til:  medlem@strandail.no