Stranda Idrottslag


Medlemskap i SIL: Alle aktive, trenarar og oppmenn skal være medlemmer i Stranda IL. Stranda IL nyttar Norges Idrettsforbund si løysing for idrettslag/klubbar.
Medlemmane skal bruke Min Idrett for å betale medlemskontingent/treningsavgifter. Under «Medlemskap» finn du meir informasjon om: Innmelding/utmelding, Betaling av kontingent og Min Idrett, Medlemskort. Når du har betalt kontingent, kan du skrive ut medlemskort på din profil på Min Idrett


Jubileumsboka til Stranda IL:
«Topp og breidde gjennom 100 år».

Stranda Idrottslag si historie gjennom hundre år. Boka kan kjøpast hos Stranda Bok og Kontorservice eller bestillast på e-post:
le-aka@online.no. Pris kr 350,-




Laget sin støttespelar i mange år
NIF

Stranda Idrottslag

Postboks 234
6201 Stranda

Leiar: Leif Karlsen


KlubbAdmin - Idretten si løysing for medlemsadministrasjon

Noregs Idrettsforbund lanserte i 2013 ei ny løysing for medlemsadministrasjon, KlubbAdmin, som vil gje alle idrettslag høve til å administrere medlemmer, familierelasjonar, sende e-post/SMS, krevje inn kontingent og treningsavgifter med meir via online betaling.

KlubbAdmin er ei enkel og sikker nettbasert løysing som skal tilby det rimelegaste alternativet for online betaling. Sjølve løysinga er kostnadsfri for idrettslaga/klubbane.
I tillegg til online betaling, vil klubbane også ha høve til å kunne sende bankgiroar til dei medlemmene ein ønskjer.

Løysinga skal vere med på gi betre kvalitet i medlemsdata både lokalt og sentralt.


Stranda Idrottslag ønskjer å ta i bruk KlubbAdmin, og hovudstyret har difor bestemt at
frå 1. april 2014 skal all betaling/registrering gå gjennom KlubbAdmin.

E-post og mobiltelefonnummer blir ein viktig del av løysinga, og vi må innhente slik informasjon frå medlemmene våre.

Den nye løysinga krev at alle medlemmer må bruke Min idrett.

Sjå i menyen over under: Medlemskap - Innmelding - Min Idrett.

Rettleiing og info om Min Idrett og Online betaling finn du her.